ExoMars Trace Gas Orbiter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Modell av ExoMars Trace Gas Orbiter

ExoMars Trace Gas Orbiter (TGO) er ein romsonde som går i bane kring Mars. Han er eit samarbeid mellom ESA og den russiske romfartsorganisasjonen Roskosmos og ein del av ExoMars-prosjektet. Han vart skoten opp 14. mars 2016 frå Bajkonur og gjekk inn i bane kring Mars 19. oktober 2016.[1][2] Han bar med seg den enkle landaren Schiaparelli som testa landingsteknologi.

Instrument[endre | endre wikiteksten]

TGO har fire vitskaplege instrument:[3]

  • ACS (Atmospheric Chemistry Suite) er tre instrument som observerer i det infraraude. ACS fyller ut observasjonane frå NOMAD.
  • CaSSIS (Colour and Stereo Surface Imaging System) er eit høgoppløysingskamera som kan ta farge- og stereobilete over større område. Det kan ta bilete av Mars med ei oppløysing på opp til 5 meter per piksel.
  • FREND (Fine Resolution Epithermal Neutron Detector) er ein nøytrondetektor som vil kartleggja hydrogen ned til ei djupn på 1 meter. Dette vil avsløra vassis nær marsyta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]