Ror
Ror er ei styreinnretting for fartøy med blad eller ei venge festa til ei aksling. Ein kan bruka ror til å endra retningen til ei kraft i væske eller gass. Ein finn ror på båtar, skip og fly.
Rortypar
[endre | endre wikiteksten]Skipsror
[endre | endre wikiteksten]Frå gammalt av var roret på fartøy festa på styrbord side nesten bakerst på fartøyet, eit sideror. Dette var til dømes vanleg på vikingskip.[1] Sideror må ikkje forvekslast med ei styreåre. Sideroret var eit verkeleg ror som dreide rundt ein fast akse gjennom roret, i motsetning til ei åre, som dreier rundt eitt punkt. På 1100-talet byrja ein bruka hekkror/(bak-)stamnror. På tradisjonelle norske båtar blir roret ofte kalla for styre.
Av dagens hekkror skil ein mellom ubalansert ror, balanseror, halvspaderor og spaderor. Mange hurtigbåtar og dei fleste mindre fritidsbåtar i dag bruker vassjet eller dreibare utanbordsmotorar som fremdrift. Desse styrer med framdriftssystemet, og har derfor ikkje tradisjonelle ror.
Ror på skip regulerer normalt skipet i horisontalplanet. På moderne skip er det blitt vanleg å bruka ror også for å regulera skipet i det vertikale planet. Dette kan betra stabiliteten eller minska uønska rørsle, som sjøgang.
Flyror
[endre | endre wikiteksten]Flyror regulerer stillinga til flyet med sideror og høgderor på halen og balanseror ytst på vingene. Høgderoret regulerer også farten til flyet.
Andre bruksområde
[endre | endre wikiteksten]Ror kan også brukast til andre ting, for eksempel til å dirigera luft- eller vasstraum i vifter og pumper.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ror» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2020.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |