Rosalía de Castro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rosalía de Castro

Rosalía de Castro (23. februar 183715. juli 1885) var ein spansk diktar og forfattar. Ho var frå Santiago de Compostela i Galicia, nordvest i Spania, og skreiv både på galisisk og kastiljansk (standardspansk).

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

De Castro er kjend for å ha gjeve ut den første boka på galisisk, diktsamlinga Cantares gallegos den 17. mai 1863. Denne dagen blir feira årleg på dagen for galisisk skrifspråk. Medan ho levde var forfattaren òg ein viktig person i den galisiske romantiske rørsla, saman med Manuel Curros Enríquez og Eduardo Pondal.

Med utgjevinga si heva ho det galisiske språket fram frå gløymselen etter fleire århundre utan at ein hadde brukt det til litteratur.

I tillegg til Cantares gallegos gav ho ut dei diktsamlingane Follas novas på galisisk i 1880, og på kastiljansk La flor. Poesías (1857); A mi madre. Versos (1863), og En las orillas del Sar. Poesías (1884). De Castro skreiv òg romanar på kastiljansk, som El caballero de las botas azules. Cuento extraño (1867).

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Rosalía de Castro var fødd utanfor ekteskap til María Teresa da Cruz de Castro e Abadía den 23. eller 24. februar 1837.

I 1858 gifta ho seg med Manuel Murguía, som var journalist og medlem av det galisiske akademiet. Han hjelpte òg til med redigeringa av bøkene hennar. Frå 1859 til 1877 fekk dei sju ungar saman.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Rosalía de Castro var avbilda på 500-pesetas-setlane.