Alfonso X av Castilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alfons X
Alfonso X el Sabio en El libro de los juegos.jpg
Konge av Castilla og León
Konge av romarane (omstridd)
Regjeringstid1. juni 1252–4. april 1284
Kroning1. juni 1252
Fødd23. november 1221
FødestadToledo i Kongedømet Castilla
Død4. april 1284 (62 år)
DødsstadSevilla i Kongedømet Castilla
GravstadSevillakatderalen i Sevilla, dagens Spania
FøregangarSt. Ferdinand III
EtterfølgjarSancho IV den modige
GemalinneViolant av Aragon
Gift medViolante av Aragón
KongehusHuset Burgund
DynastiAnscarids
FarSt. Ferdinand III
MorIsabella av Schwaben
BornBerengaria of Castile, Lady of Guadalajara, Beatrice of Castile, Marchioness of Montferrat, Ferdinand de la Cerda, Sancho IV av Castilla, Peter of Castile, Lord of Ledesma, John of Castile, Lord of Valencia de Campos, Violant of Castile, James of Castile, Lord of Cameros, Beatrice of Castile, Alfonso Fernández el Niño, Eleanor of Castile, Constanza de Castilla, Martin Alfonso de Castilla, Urraca Alfonso de Castilla, Berenguela Alfonso de Castilla, Constanza Alfonso de Castilla, Alfonso Nino de Castilla, Jaime de Castilla, Violante de Castilla, Peter of Castile, Lord of Ledesma, Juan de Valencia, Isabel de Castilla, Leonor de Castilla

Alfons X (23. november 12214. april 1284) var ein kastiljansk konge som herska over Castilla, León og Galicia frå 1252 og fram til han døydde. Han vart òg valt til konge av tyskarane (formelt konge av romarane) i 1257, men pavedømet hindra stadfestinga av dette.

Han etablerte kastiljansk som språk for høgare utdanning og fekk kallenamnet el Sabio eller O Sabio («den vise» eller «den lærde») og el Astrólogo eller O Astrólogo («astrologen») gjennom skriftene sine, mellom anna galisisk-portugisisk poesi.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han var son til Ferdinand III og Isabella av Schwaben. Alfons førte ein omfattande, men lite vellukka utanrikspolitikk. Ved det tyske kongevalet i 1257 vart han valt som motkonge mot Rikard av Cornwall, då han gjennom mor si, som var dotter av Filip av Schwaben var i slekt med Hohenstaufen. Han vann derimot aldri meir enn tittelen og heller aldri sjølv til Tyskland. På grunn av usemje om tronfølgja regjerte han dei siste åra i strid med sonen Sancho.

Meir vesentleg er Alfons gjennom innsatsen sin i litteratur og vitskap, noko som gav han kallenamnet el Sabio (den vise). Han grunnla eit observatorium i Salamanca og fekk utarbeidd dei såkalla alfonsinske tabellane. Ei einskapleg lovbok Codigo de las siete partidas, vart fullført under styret hans. Han fekk omsett delar av Bibelen til kastiljansk og brukte dette språket offisielt. Han fekk òg skrive Crónica General de España.

Bror sonen hans Don Juan Manuel held fram kulturproduksjonen hans.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Alfons X bestilte eller medkomponerte mange musikkverk i løpet av livet sitt. Desse verka omfatta mellom anna Cantigas d'escarnio e maldicer og den store samlinga Cantigas de Santa Maria («Songar til Jomfru Maria»), som var skriven på galicisk-portugisisk og vert rekna som det viktigaste verket hans. Desse verka er ein av dei største samlingane av folkespråklege monofoniske songane som har overlevd frå mellomalderen. Dei består av 420 dikt med musikalsk notasjon. Dikta omhandlar stort sett mirakla tilskriven Jomfru Maria. Eit av desse mirakla er korleis Alfons sjølv vart lækja i Puerto de Santa María.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]