Rosenkrantzgaten i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rosenkrantzgaten er ei gate i sentrum av Bergen som går frå Vetrlidsallmenning i sør til Nikolaikirkeallmenning i nord. Gata hadde frå 1899 og fram til 1993 namnet Rosenkrantz’ gate, og er namnsett etter Erik Ottesen Rosenkrantz (1519–1575). Han var lensherreBergenhus festning i åra 1559–1568, og fullførte bygginga av Rosenkrantztårnet.

I reguleringsvedtaket frå 1899 var det rekna med at Rosenkrantz’ gate skulle verte lengd nordover til Mariakyrkja, men dette vart aldri gjort. I 1910 vart Rosenkrantz’ gate i staden avslutta permanent i nord ved Nikolaikirkeallmenning, som danner sørgrensa for det som er att av sjølve Bryggen. Nikolaikirkeallmenning vart då heva med 4,5 meter på ei strekning for å kunne knytast saman med Rosenkrantz’ gate på det nivået denne gata låg på.

Langs Rosenkrantzgaten ligg det forretningsgardar, hotell og restaurantar, og eit parkeringshus. Parkeringshuset ligg delvis på arealet der det eldste rådhuset i Bergen låg. Under graving på tomta til parkeringshuset, Rosenkrantzgaten 4, vart det funne rester etter dobbeltgarden Fatten, ein av bygningane som høyrde til den søndre delen av Bryggen som vart rive i si tid og erstatta av murbygningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]