Rotsund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Rotsund er ei bygd i Nordreisa kommune i Troms. E6 passerer gjennom bygda, som ligg ved det sørlege innløpet til Rotsundet, ein fjordarm av Lyngenfjorden. Frå Rotsund er det 20 km i søraustleg retning til kommunesenteret Storslett. Rotsund kapell ligg i bygda.

Før bygda fekk vegsamband med utomverda var Rotsund ein dampskipstoppestad i det dåverande Skjervøy herad, 91 km sjøveg aust-nordaust for Tromsø. I dag går det ferje frå Rotsund over Rotsundet til ferjestadene Hamnes og Klauvnes på Uløya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]