Roud Folk Song Index
Roud Folk Song Indeks er ein database med kring 250 000 referansar til nesten 25 000 songar som vert inn samla frå munnleg tradisjon innan den engelsktalande verda. Han er kompilert av Steve Roud, ein tidlegare bibliotekar frå Croydon i London.[1]
Rouds indeks er ein kombinasjon av trykte kjelder frå før 1900 og dessutan ei mengd lydopptak. Databasen inneheld òg alle kjelder som blei nytta av Francis James Child (The English and Scottish Popular Ballads) og inneheld opptak frå 1900 til 1975. Fram til byrjinga av 2006 var databasen tilgjengeleg gjennom eit abonnement på CD-plater, men no er han tilgjengeleg på internett.[2][3]
Formål
[endre | endre wikiteksten]Hovudformålet med databasen er å nytta han som forskingshjelp som korrelerer versjonar av tradisjonelle engelskspråklege folkesongtekster. Desse er blitt dokumenterte dei siste hundreåra av fleire ulike personar i Storbritannia og Nord-Amerika. Det er mogleg å søkja i databasen, til dømes etter tittel, førstelinje eller temaet (eller ein kombinasjon) for å finna ein særskild versjon av ein viss song.
Databasen er erkjend som eit "signifikant indeks" av English Folk Dance and Song Society[4] og var ein av de første artiklane som blei publisert på nettstaden av Vaughan Williams Memorial Library i 2006.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Library and archive». The English Folk Dance and Song Society (på engelsk). Henta 16. september 2019.
- ↑ «Search and browse tips». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 16 september 2019.
- ↑ «The Vaughan Williams Memorial Library». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 16. september 2019.
- ↑ «The English Folk Dance and Song Society». The English Folk Dance and Song Society (på engelsk). Henta 16. september 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Roud Folk Song Index» frå Wikipedia på svensk, den 21. november 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- ‘I’ve got to stop somewhere!’ How Steve Roud compiled his epic folk song archive. Intervju og omtalet i The Guardian.