Francis James Child

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Francis James Child
Francis J. Child.jpg
Fødd1. februar 1825
Boston
Død11. september 1896
Boston
NasjonalitetUSA
Yrkefilolog, musikkforskar, universitetslærar
InstitusjonarHarvard University
Alma materHarvard University
MedlemSociety for Classical Studies
American Academy of Arts and Sciences

Francis James Child (1. februar 182511. september 1896) var ein amerikansk akademikar og folkeminneforskar som er kjend for å ha samla og klassifisert folkesongar frå England og Skottland og dei amerikanske variantane deira, og klassifisert dei etter systemet som blir kalla Child Ballads.

Child var fødd i Boston i Massachusetts. Der gjekk han på Boston Latin School, og gjekk ut av Harvard i 1846 som den beste i klassen i alle fag. Han underviste i matematikk frå 1846 til 1848, då han fekk ei stilling som lærar i historie, politisk økonomi og engelsk litteratur. Etter to års studia i Europa overtok han stillinga som professor i retorikk og talekunst etter Edward T. Channing, eit professorat han hadde til 1876.

Child fekk permisjon frå 1849 til 1853, då han studerte engelsk teater og seinare tysk filologi ved Humboldt-universitetet i Berlin og universitetet i Göttingen. Han var redaktør for ei omfattande samling av britiske poetar. Han var òg redaktør for dei samla verka av Edmund Spenser (1855) og planla ei utgjeving av Geoffrey Chaucer, men nøgde seg med ein artikkel i The Memoirs of the American Academy of Arts and Sciences for 1863 under tittelen «Observations on the Language of Chaucer's Canterbury Tales». Artikkelen fekk stor tyding for forståinga av Chaucer sin grammatikk, uttale og skandering slik ein forstår det i dag.

Det størst av arbeida hans var utgjevinga av eit åttebandsverk av engelske og skotske folkeballadar. Etter at han i 1876 fekk ei stilling som professor i engelsk, vigde han seg til komparative studium av tradisjonelle engelske balladar. Han samla ei stor mengd manuskript og andre folkeminnekjelder, og gjorde undersøkingar på andre språk enn engelsk. George Lyman Kittredge var blant elevane til Child, og følte eit særleg ansvar for å vidareføra arbeidet hans.

Det siste arbeidet til var English and Scottish Popular Ballads, som først var i ti og sidan i fem bind. Verket stod lenge som det autoritative verket på området. Då Child døyde hadde han ikkje hatt tid til å skriva ei innleiing eller ein bibliografi. Derimot blei utgjevinga forsynt med ein kort biografi over Child skriven av Kittredge.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Four Old Plays (1848)
  • English and Scottish Popular Ballads (1882–1898)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Francis James Child
Wikisource

Originaltekst av Francis James Child ved Wikisource.