Rubí
Rubí | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Catalonia | ||
Provins | Barcelona | ||
Høgd | 124 m | ||
Areal | 32,30 km² | ||
Folketal | 81 532 (2024) | ||
Postnummer | 08191 | ||
![]() Rubí 41°29′36″N 2°01′57″E / 41.493333333333°N 2.0325°E | |||
Wikimedia Commons: Rubí |
Rubí er ein by og ein kommune i Catalonia i Spania i provinsen Barcelona, 15 km frå sjøve Barcelona. Han har kring 80 000 innbyggjarar. I nord grensar han til Terrassa og Ullastrell, i sør til Sant Cugat del Vallès, i vest til Castellbisbal og i aust til Sant Quirze del Vallès.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ein meiner at byen har romersk opphav ved elva Rubeo. Då Vilfred den hårete døydde, vart grensa mellom Al-Andalus og Catalonia sett til elva Llobregat. Rubí låg derfor særs nær grensa. I 1233 vart det bygd ei borg i byen.
Med den industrielle revolusjonen voks byen kraftig, og særleg var tekstilindustrien i byen viktig. Nokre av dei tidlege møllene finst framleis.
I 1919 fekk byen jernbanesamband til Barcelona og Terrassa.
Rubí mista det meste av jordbruket sitt i 1962 då ein katastrofal flaum øydela dei nedre delane av byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rubí, Barcelona» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2009.