Rue du Vieux-Colombier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La rue du Vieux-Colombier. Kyrkja Église Saint-Sulpice (de Paris) i enden av gata.

La rue du Vieux-Colombier er ein 220 meter lang gatestubb i 6. arrondissement i Paris i Frankrike, i kvarteret (området) Odéon – Notre-Dame-des-Champs. Gata er av interesse av di teateret le théâtre du Vieux-Colombier ligg i nummer 21. Dette teateret er ein av spelestadene for nasjonalteateret la Comédie-Française. Næraste metro-stasjon er Saint-Sulpice.

Opphavleg hadde gata namnet rue du Colombier («gata med dueslaget») etter dueslaget som høyrde til munkeklosteret Saint-Germain-des-Prés, og fekk namnet rue de Vieux-Colombier («gata med det gamle dueslaget») på 1600-talet. Gata har òg hatt andre namn, som rue du Puys (1360), chemin de Cassel eller rue Cassel, som vart omtalt som rue du Colombier (1411-1453), rue de la Maladerie (1414), rue du Puys Mauconseil (1506-1514), grant rue Saint-Sulpice (1509-1524), rue Saint-Sulpice (1521) og rue des Champs (1509-1520-1524), og på eit kart over Paris frå 1615: rue de la Pelleterie.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rue du Vieux-Colombier