Rundetårn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°40′53″N 12°34′33″E / 55.68139°N 12.57583°E / 55.68139; 12.57583

Rundetårn sett frå gata.

Rundetårn (eldre staving Runde Taarn) er eit tårn som vart bygt på 1600-talet i København i Danmark. Tårnet er ein del av Trinitatisanlegget, som som vart byd for å gje datidas elever og studenter eit astronomisk observatorium, eit universitetsbibliotek og ei studentkyrkje, Trinitatis kyrkje (Treeiningskyrkja).

Adi Holzer: Rundetårn 1999.

Rundetårn er ein av Københavns mest kjende bygninger. Tårnet vart bygd på oppdrag frå kong Kristian IV og vart teikna av arkitekt Hans van Steenwinckel den yngre. Grunnsteinen vart lagt ned 7. juli 1637 og tårnet vart ferdig i 1642. Trinitatis kyrkje vart ikkje ferdig før i 1656, og biblioteket i 1657.

Tårnet er 36 meter høgt og 15 meter i diameter. Det har ikkje trapper, men har i staden ei 5,6 meter bred, spiralforma gang som leier opp til observasjonsplattformen på taket. Peter den store reid i 1716 opp til toppen av tårnet, og gemalen hans, Katarina tok same vegen med fire hester.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]