Russisk-engelsk-norsk norsk-engelsk-russisk skogordbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Russisk-engelsk-norsk norsk-engelsk-russisk skogordbok (Руссо-aнгпо-норвежский Норвежскии-aнгпо-руссо песной словaрь) er ei fleirspråkleg spesialordbok med faguttrykk innan skogbruk, økologi og naturvern, med russiske og norske oppslagsord og engelsk (for dyr og plantar òg latin) som brubyggar mellom oppslagsord og løysingsord.

Boka vart utgjeven på initiativ frå Fylkesmannen i Nordland, landbruksavdelinga, og Institutt for skogbruk og jordbruksvitskap ved Arkhangelsk Tekniske Universitet. Formålet har vore å avhjelpe dei språklege problema ein møter i samband med det internasjonale samarbeidet som er under utvikling mellom Noreg og Russland. Fylkesskogsjef Ørnulf Kibsgaard og professor i skogbruksvitskap Vasilij Tsvetkov har vore ansvarlege for prosjektet.

Ordboka har om lag 3 300 faguttrykk, inkludert dei vanlegaste orda knytt til skogkultur, haustingsskogbruk, skogsdrift og treforedling og sentrale omgrep innan økologi og miljøvern.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Vasilij Tsvetkov (red.) og Ørnulf Kibsgaard (red.), Руссо-aнгпо-норвежский Норвежскии-aнгпо-руссо песной словaрь Russisk-engelsk-norsk norsk-engelsk-russisk skogordbok, Arkhangelsk tekniske statsuniversitet og Fylkesmannen i Nordland, Arkhangelsk 2003. ISBN 5-261-00122-6