Russiske føderale distrikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Russland er delt inn i sju føderale distrikt (russisk Федеральные округа, federalnyje okruga). Dei vart oppretta ved dekret av president Vladimir Putin den 13. mai 2000, og står over føderasjonssubjekta. Kvart distrikt vert leia av ein representant for presidenten som vert utnemnt av den russiske føderasjonen sin president. Representanten for presidenten har til oppgåve å passa på at dei føderale subjekta overheld den russiske grunnlova. Opprettinga av dei føderale distrikta vart sett som eit tiltak for å sentralisera den russiske staten.

Liste over dei føderale distrikta[endre | endre wikiteksten]

Federal districts of Russia.png
  1. Sentrale føderale distrikt (Центральный федеральный округ, Tsentralnyj federalnyj okrug)
  2. Søre føderale distrikt (Южный федеральный округ, Juzjnyj federalnyj okrug)
  3. Nordvestre føderale distrikt (Северо-западный федеральный округ, Severo-zapadnyj federalnyj okrug)
  4. Fjerne Austen føderale distrikt (Дальневосточный федеральный округ, Dalnevostotsjnyj federalnyj okrug)
  5. Sibir føderale distrikt (Сибирский федеральный округ, Sibirskij federalnyj okrug)
  6. Ural føderale distrikt (Уральский федеральный округ, Uralskij federalnyj okrug)
  7. Privolzjskij (Volga) føderale distrikt (Приволжский федеральный округ, Privolzjskij federalnyj okrug)
    Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.