Rust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rusta jarn.

Rust er eit sams omgrep for kjemiske sambindingar av jarn (Fe) og oksygen (O), altså ein oksidasjon av jarnet eller stålet, òg kalla korrosjon. Rust oppstår på jarn eller stål i fuktige eller våte omgjevnader, og er ein omdanning av overflata på jarnet eller stålet til porøse flak som lausnar og fell av. Gjenstanden vert soleis stendig svakare og meir deformert etter kvart som oksidasjonen treng innover i jarnet eller stålet, som til slutt kan verte heilt omdanna til rust. Fargen på rust kan vere gulaktig, raudleg, brunleg, brunsvart eller nesten heilt svart, alt etter den kjemiske samansettinga av jarnet eller stålet.

Rust kan hindrast ved at jarnet eller stålet vert dekt med sink, såkalla galvanisering, eller av eit anna høveleg stoff. Rust kan òg gjerast om til magnetitt ved hjelp av kjemiske produkt som vert påført, slik at den vidare korrosjonen vert stogga. Det kan òg lagast jarnlegeringar som gjer at metallet ikkje korroderer så lett som elles, såkalla rustfritt stål i ymse kvalitetar. I våte miljø kan det likevel ofte oppstå rustflekkar på rustfritt stål ved at jarnpartiklar som ikkje er rustfri festar seg på det rustfrie stålet og tærer på det.

Sambindingar mellom oksygen og metall kan òg dannast med til dømes sylv, som får svart overflate, og kopar, som irrar og fyrst får ei brun, deretter ei kraftig grøn overflate.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rust