Rutle i Gulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rutle i Gulen is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Rutle i Gulen
Rutle
Foto: Bjarne Thune
Gravplassen i Rutle
Foto: Bjarne Thune
Gravplassen i Rutle
Foto: Bjarne Thune
Gravplassen i Rutle
Foto: Bjarne Thune
Rutle
Foto: Bjarne Thune

Rutle er ein stad som ligg i Gulen kommune i Vestland på austsida av ei landtunge mellom gardane Brosvik og garden Rutledal. I nord ligg Jutevikneset og Fjærøy, Kalvøy, Kirkøy og Langøy vernar mot Sognefjorden i nordaust og aust. I tillegg finst ei mengd små og store holmar og skjer. Rutle var derfor ei god hamn for alle som ferdast på Sognefjorden.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet er vorte skrive på ulike måtar, i 1603 Røttle, i 1667 Rudtle, i 1723 Rutle. Kva det tyder er uvisst. Ei mogeleg tyding er humpete eller ujamnt lende. Det skal ha vore brukt til gardsnamn tre gonger i Noreg.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1184 låg Kong Sverre og hans hær med 20 skip her før Slaget ved Fimreite. Andre har også lege vêrfaste i Rutle, mellom anna C. Braems i 1673 og Johannes Lillienskjold i 1668.[2]

Tingstad[endre | endre wikiteksten]

Frå 1667 vart Rutle ofte brukt som tingstad, både av futen og sorenskrivaren. Staden vart brukt som tingstad, truleg til 1775.[3]

Rettarstad[endre | endre wikiteksten]

Rutle er også vorte brukt som rettarstad. To tjuvar vart avretta der 16. november 1801, og ei ung jente vart avretta i 1773 etter å ha vore fengsla i lensmannskjellaren i fire år. Ho skulle ha født eit barn og kasta det på elva slik at det drukna, men hevda sjølv at det var dødfødt. For dette var ho dømd til døden.[4]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var det eitt gardsbruk i Rutle. Rutle vart matrikkelført for første gong i 1667. Det skal ha vore rydda et bruk som heitte Rødeplassen før, men det låg aude i 1664, og er ikkje nemnt i manntalet i 1645. Matrikkelen for 1723 fortel at brukaren heitte Lars Knagenhjelm. I 1867 vart bruket i Rutle delt i tre, og dei tre bruka fekk eigne eigarar.[5]

Gjestgjevari[endre | endre wikiteksten]

I 1732 fekk Per Larsson løyve til å drive gjestgjevari i Rutle. I 1755 vart det bestemt at gjestgjevarane i Rutle og Sygnefest ikkje fekk drive handel, men berre gjestgjevari. Det kan ikkje ha vore lønsamt, for i 1760 fekk Per tingsvitne for at han var fattig og ikkje kunne betale ekstraskatt.[6]

Skule[endre | endre wikiteksten]

Rutle har hatt eige skulehus, Grønlid skule, i fleire generasjonar. I 1973 fekk huset eiget bruksnummer 5 og namnet Grønlia. Etter dette er det vorte grendehus.[7]

På Rutle finst også ein gravplass som er brukt av folk i området.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, side 85
  2. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, side 85
  3. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, side 86
  4. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, side 87
  5. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, side 90
  6. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, side 89
  7. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, side 94

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996,