Ruud Lubbers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ruud Lubbers
Ruud Lubbers 1985.jpg
Fødd 7. mai 1939
Rotterdam
Død

14. februar 2018
Rotterdam

Yrke samfunnsøkonom, politikar, diplomat, entreprenør, professor, fredsaktivist, universitetslærar
Ruud Lubbers på Commons

Ruud Lubbers, fullt namn Rudolphus Franciscus Marie Lubbers, (7. mai 193914. februar 2018) var ein nederlandsk politikar frå Rotterdam. Han var frå 1982 til 1994 statsminister i Nederland. 2001-05 var han SN sin høgkommissær for flyktningar.

Lubbers var utdanna i økonomi. Frå mai 1973 til dessember 1977 var han finasminister i ei koalisjonregjering leia av arbeidarpartimannen Joop den Uyl. Perioden juni 1977 til november 1982 representerte Lubbers det kristlegkonservative partiet CDA i nasjonalforsamlinga i Nederland, som parlamentarisk leiar frå november 1978. I slutten av oktober 1982 vart Lubbers vald til partileiar for CDA, etter den førre partileiaren og dåverande statsministeren varsla han ville gå av. Den 4. november 1982 vart Lubbers utnemnd til statsminister i Nederland, ein posisjon han hadde til 22. august 1994. Åra 1982-89 leia han ein regjeringskoalisjon beståande av CDA og Fridomspartiet (VVD), etter parlamentsvalet i 1989 utgjorde Arbeidarpartiet (PvdA) regjeringsgrunnlaget saman med CDA.

Frå januar 2001 til februar 2005 var Lubbers Dei sameinte nasjonane sin høgkommissær for flyktningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]