Rydårboka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Rydårboka (latin Annales Ryenses) er ei årbok frå mellomalderen som kjem frå Ryd kloster ved Flensburgfjorden. Ho blei skriven i siste halvdel av 1200-talet, og tek for seg dansk historie frå sogetida til 1288.

Boka er utarbeidd som ei fedrelandshistorie, og gir ei kort samanhengjande forteljing om kvar konge. Frå kong Dan til Svend Estridsen har beretninga nærast krønikeform, men frå og med år 1157 skiftar teksten karakter og blir til ei årbok. Denne oppbygginga følgjer eksempelet frå Lundeårboka. Begge stader nyttar ein eldre kjelder (som Saxo Grammaticus og klostera i Sorø og Colbaz), men boka har også ein del stoff som ikkje er kjend frå andre kjelder.

Årboka inneheld den første dokumentasjon av at fransiskanarar kom til Danmark. Det står at «1232 ankom gråbrødrene på deres bare ben til Danmark og grundlagde huset i Ribe».

Den latinske teksten er berre overlevert i eit enkelt avskrift frå mellomalderen, medan ein kjenner heile tre avskrifter på dansk frå same tida. Dei danske tekstane skil seg ein del frå kvarandre.

Boka har kome til å spela ei vesentleg rolle for yngre årboksarbeid og historieskriving, til dømes er ho nytta av Arild Huitfeldt i verket Danmarks Riges Krønike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]