Sätra brunn kurbad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sätra brunns kyrkje
Nybygget

Sätra brunn er eit kurbad på feriestaden Sätra brunn i Sala kommun i Sverige. Det ligg på grensa mellom Fläckebo og Kile i Västmanlands län, og vart opna i 1700. Dermed er Sätra brunn eit av dei eldste kurbada i Sverige. I anlegget er det hundre bygningar.

Sätra brunn har sidan 2002 tilhøyrd Sätra Brunn økonomisk samskipnad. Verksemda består i hovudsak av konferansar, spa, rom med om lag 130 rom og ein restaurant. I anlegget er det òg ei sommarkyrkje. På brønnområdet er òg fleire verksemder som leier lokale som ikkje vert brukt i hovudverksemda. Desse driv til dømes med kunst og handverk, kafé, veterinærverksemd med urtemedisin, kunstgalleri, museum og nettbutikk for interiørdetaljar. Gjennom år har det vorte skapt eit kulturliv rundt Sätra brunn. Dei tilsette har blant anna organisert kabaretar i 1990-åra, og driv i dag konsertar, historiske turar og marknader. Sätra brunn er blitt eit populært reisemål for å feira jonsok.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]