Kabaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kabaret (fleirtyding).
Pastellmåleri av Toulouse-Lautrec av kabaretlokalet Moulin Rouge i Paris i 1892.
Det kjende revyteateret Folies-Bergère i Paris opna allereie i 1869 og danna med dei storslåtte showa og dansejentene sine skule for andre kabaretscener i Vesten.

Ein kabaret, også skrive kabarét (uttala kabaré), er eit lite, intimt teater- eller kafélokale der det er servering, ofte ved småbord, og samtidig variert revyunderhaldning. Nemninga kabaret vert også brukt om sjølve programmet og denne typen underhaldning generelt. Ein kabaret vert vanlegvis framført av ulike artistar og er samansett av ulike nummer som visesong, diktopplesing, små sketsjar, dans og musikk.

Ordet «kabaret» kjem av det franske cabaret som tyder «lite vertshus», «kneipe» eller «kro». Kabaret vert på tysk kalla Kabarett og kan på fransk også verte omtala som à la daube. I Sverige vert kabaretliknande underhaldning ofte kalla «krogshow».

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Kabaretkunsten var særleg populær i tiåra kring 1900. Han står i nær slektskap med dei gamle vaudeville- og burleskteatera, den nyare revy- og showtradisjonen og også moderne standup. Det blomstrande, tyske kabaretmiljøet på 1920-talet har danna grunnlaget for den populære amerikanske musikalen Cabaret frå 1966.

Av kjende show- og kabaretscener kan ein nemne revyteateret Folies-Bergère i Paris som opna i 1869 og som danna mønster for fleire andre tilsvarande etablissement. I Noreg opna Chat Noir i Oslo som intim kabaret i 1912.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kabaret