Södra Savolax
Södra Savolax Landskapet Södra Savolax/Etelä-Savon maakunta | |||
region | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
By | S:t Michel | ||
Areal | 18 768 km² | ||
Folketal | 155 568 (2009) | ||
![]() Södra Savolax | |||
Wikimedia Commons: Southern Savonia | |||
Södra Savolax (finsk Etelä-Savo) er eit landskap i Finland, i den søraustlege delen av landet. Södra Savolax utgjer den sørlege delen av det historiske landskapet Savolax. Administrasjonssetet for landskapet er universitetsbyen S:t Michel. Den største innsjøen i Finland, Saimen, ligg her. Næringslivet til landskapet er hovudsakleg trelast.
Södra Savolax grensar til landskapa Kymmenedalen, Päijänne-Tavastland, Mellersta Finland, Norra Savolax og Norra og Södra Karelen.
Kommunar og regionar[endre | endre wikiteksten]
Södra Savolax har 14 kommunar, av dei er tre bykommunar. I dei siste åra har det vore éi kommunesamanslåing. Den 1. januar 2009 vart Savonranta slått saman med Nyslott kommune.
Kommunane i landskapet utgjer tre økonomiske regionar.
Oversynet nedanfor viser korleis kommunane fordeler seg på dei tre økonomiske regionane. Byane er oppført med feit skrift.
S:t Michels økonomiske region[endre | endre wikiteksten]
|
Pieksämäki økonomiske region[endre | endre wikiteksten]
|
Nyslotts økonomiske region[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Södra Savolax» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2015.