Søndre Land prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°46′14″N 10°14′46″E / 60.7704811231°N 10.246070919°E / 60.7704811231; 10.246070919

Søndre Land prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Søndre Land prestegard eller Fluberg prestegard i Søndre Land kommune i Oppland er ein prestegard som ligg om lag ein kilometer sør for Fluberg kyrkje, nedi skråninga på vestsida av Kirkebakka, som i si tid var ein del av Den bergenske hovudvegen.

Prestegarden har som kyrkja røter attende til mellomalderen. Den tidlegare kyrkja (ei stavkyrkje[1]) stod på grunnen til prestegarden.

Hovudbygningen er frå 1790 og hadde opphavleg to fløyer på kvar side. Desse er borte i dag. Eit verandatilbygg på vestre langveggen er frå 1867. Ein låve som hadde vore kommunal eigedom sidan 1992, vart riven i 2012. Same året vart det gjennomført ei avgrensa restaurering innvendig i hovudbygningen, som er freda, og som framleis vert nytta som tenestebustad. Rundt prestegarden er eit hageanlegg som har grodd att ein del.[2]

Gardsdrifta er frådelt.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ola Storsletten og Jiri Havran (2008). «Fluberg kirke». Kirker i Norge, bind 5: Etter reformasjonen. 1600-tallet. ARFO. s. 118. 
  2. Langseth, s. 72.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]