Søre-Vartdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Søre-Vartdal er ein matrikkelgard i Ørsta kommune. Han ligg ved Vartdalsfjorden, ned mot utlaupet av Storelva. Innmarka til Vartdal-garden grensar mot matrikkelgardane Sætre, Øyane og Remen. Bytelinene mellom Øyane og Søre-Vartdal vart endeleg fastsett i 1798.

Garden, som til dagleg vert kalla Vartdal, men skriven for Søre-Vartdal for å skilje han frå den andre Vartdal-garden (Nøre-Vartdal), er nemnd fyrste gongen i 1520. Garden er likevel mykje eldre. I 1603 hadde garden tre brukarar. På 1600-talet og 1700-talet hadde Søre-Vartdal fire, og tidvis fem, bruk. Etter 1800 var garden delt i fire. Garden vart utskift i 1824. Innmarka vart då delt i 44 teigar, og fordelt på dei fire bruka.

I fyrste delen av 1700-talet tok Søre-Vartdal seterhamning i Skorgedalen, og Skorgestøylen vart bygd. Denne var i drift til 194?

Klyngjetunet i Vartdal stod der Pegarden ligg. Natta mellom 11. og 12. desember 1877 brann klyngjetunet. Berre ei løe og ei kårstove stod att. Ei utskifting hadde teke til same sommaren og vart fullførd året. Tre av dei fire bruka flytta til nye tufter. På alle bruka vart det bygd nye hus.

All busetnaden låg tidlegare vest for Storelva som renn gjennom Årsetdalen. Ein del av bømarka til Vartdal-garden låg (og ligg) på austsida av Storelva, og frå 1910-talet kom busetjing i gang på denne. I dag er det fleire bustadhus i Vartdal-garden aust for Storelva, enn vest for.

I 1900 hadde Vartdal-garden seks bruk. Ut gjennom mellomkrigstida kom fem bruk til, slik at det ei tid var elleve bruk i drift i Søre-Vartdal. I 2010 er eit av gardbruka i drift som jordbrukseigedom.

Folketal:[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 27 – (5 heimar)
  • 1865: 37 – (4 heimar)
  • 1900: 55 – (5 heimar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Buset, Johannes: Vartdalssoga. Første bandet. 1964
  • Grøvik, Ivar: Vartdalssoga. II. 1983
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900