Hopp til innhald

Søre Urdevatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Søre Urdevatnet eller Søndre Ulevann[1] er eit lite vatn i Ringerike kommune. Vatnet ligg i Strømsoddbygda i Soknedalen, like aust for Blankvann ved Urdevassfjell, på vestsida av Ådalsfjella. Vatnet får tilførsel i nord gjennom Blankvannselva. I sørvest startar Ulevasselva, som renn sørvestover ned til nordenden av Øvre Kollsjø.

  1. «Søre Urdevatnet / Søndre Ulevann». Faktaark/ Kartverket. Henta 19. september 2020.