Vest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå elles klesplagget vest
Sola går gjerne ned i vest.

Vest er ei av dei fire himmelretningane, kompassretningane eller verdshjørna og kan forkortast med bokstaven V (eventuelt W for westengelsk). Ho er motsett av aust og har rette vinklar til nord og sør. Ordet vest er i slekt med det latinske ordet vesper som tyder kveld og er ein referanse til solnedgangen.

Vest er motsett av retninga jorda roterer om sin eigen akse. Difor er det òg i den retninga at ein ser solnedgangen på eit av jamdøgera (vårjamdøgn eller haustjamdøgn), eller heile året om ein er ved ekvator.

Dersom ein dreg rett vest, fylgjer ein ein breiddegradssirkel, som dersom ein ser vekk frå ekvator, ikkje er ein storsirkel.

  • På kompasset er aust gitt ved retninga 270 grader eller 300 gon
  • På ein flyplass vil ei vestvendt landingsbane ha nummer 27 etter kursen til det landande flyet (270°)
  • Dersom ein er vendt nord, er vest til venstre

Vest i verda[endre | endre wikiteksten]

Utsikt mot Checkpoint Charlie og Vesten, frå det som tidlegare var Aust-Berlin.

Tradisjonelt har ein nytta ordet «Vesten» om den delen av verda som ikkje er «Østen», med andre ord Europa og Amerika, særskilt Nord-Amerika. Under den kalde krigen fekk omgrepet ei ny meining, der Vesten stod for «den frie verda», med meiningar som frivarehandel og ytringsfridom, medan Austblokklanda var sett på som ufrie land under kommunistisk åk.

I det tidlegare Kina stod vest for heimlandet til Buddha (som kom frå dagens Nepal), og staden dei heilage buddhistiske skriftene kom frå (sjå Reisa mot vest).

Vestlege land[endre | endre wikiteksten]

I Europa har «Vesten» først og fremst vore nytta om Nord-Amerika, og der igjen har «Vesten» vore den vestlege delen.

I Europa er Vest-Europa ofte rekna som dei landa som ikkje var bak jernteppet.

Vestlege område[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er Vestlandet ein av dei fem landsdelane.

I Sambandsstatane vert Midt-Vesten gjerne nytta om dei statane som ligg om lag midt i Sambandsstatane. Før dei europeiske immigrantane hadde teke kontrollen over dei vestlege delane av Sambandsstatane, vart områda gjerne kalla «Det ville vesten». Vestkysten er eit namn på dei statane som ligg langs den vestlege kysten.

I Midtausten er Vestbreidda nemninga brukt om det israelsk-kontrollerte område på vestsida av elva Jordan som Jordan gjer krav på.

Vestkantar[endre | endre wikiteksten]

I mange byar har vestsida vore rekna som den beste delen av byen å bu i. Dette heng saman med den tidlege industrialiseringa. Mange tidlege industrielle byar låg i område der ein gjerne hadde vestleg vind som bles røyken frå fabrikkpipen austover. Dei som budde på vestsida slapp mykje luftureining.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]