Sørefjorden i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°11′13″N 5°18′16″E

Frå Sørefjorden
Foto: Egil Husabø

Sørefjorden er ein fjordarm av Åfjorden i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane. Han ligg på nordaustsida av Katlenova i nærleiken av sjølve tettstaden Hyllestad og har ei lengd på 2,5 km.

Fjorden har innløp mellom Katleneset i sørvest og grenda Leirpollen. På andre sida av Katleneset startar Hyllestadfjorden, som går parallelt til Sørefjorden. Av gardsbruk langs fjorden finn ein Rønset, Berge og Sæsol. Fylkesveg 607 (tidlegare Riksveg 607) går langs botn og nordsida av fjorden.