Åfjorden i Sogn og Fjordane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lifjellet med Gygrekjeften i midten som ligg på sørsida av Åfjorden.

Åfjorden er ein fjord i Solund kommune og Hyllestad kommune i Vestland. Fjorden er den sørlegeaste greina av Buefjorden som ligg lenger vest. Fjorden har ei lengd på 22 km og strekkjer seg austover til tettstaden Hyllestad. Det siste stykket deler fjorden seg i to, Hyllestadfjorden i sør og Sørefjorden i nord [sic].

Fjorden har innløp mellom Sakrisøyna i nord og Leknessundet på Sula. På Sula går Dumbefjorden sørover på Sula frå Åfjorden. Aust for Sula ligg øya Skorpa og frå her går Storakersundet og Tellesundet sørover til Losnosen, som er ein del av Sognefjorden.

Frå nord for Skorpa og innover i fjorden ligg det fleire gardsbruk og grender på nordsida. Frå Eide går Fv65 på nordsida av fjorden forbi Sørbøvågen til Salbu, og frå her går Rv607 inn til Hyllestad. Ved Hyllestad strekkjer Katlenova seg 3 km utover i fjorden og deler Åfjorden i dei to nemnde fjordarmane.

Sørsida av fjorden er lite utbygd, særleg i den bratte indre delen der fjellet stig bratt opp til ei høgd kring 500 meter over havet. Ved innløpet til Hyllestadfjorden ligg den karakteristiske fjelltoppen Gygrekjeften på sørsida med ei høgd på 710 moh.