Søren Anton Sørensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Søren Anton Sørensen
Fødd 20. november 1849Rediger på Wikidata
Død

9. september 1910

Yrke historikar

Søren Anton Sørensen (20. november 18499. september 1910) var ein norsk skulemann, skribent og dokumentgranskar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Sørensen var frå Sandar, far hans var skipsreiar og gardbrukar. Sjølv tok han artium i Drammen 1868, og vart cand.theol. i 1873. Etter eksamen studerte han vidare utanlands. Skuleåret 1876/77 var han rektor på ein amtsskule på Vestfossen, åra 1880-82 lærar ved fleire skular i Kristiania, 1882-84 ved ein privatskule på Østre Toten, og 1884-85 medstyrar av Kristiania private Middel- og Borgerskole. I 1885 tok han over privatskulen Wieses latin- og realskole i Kristiania. Denne dreiv han til 1894 under namnet Sørensens Middelskole, heile tida var han sjølv rektor. Skulen vart lagt ned i 1894, etter usemje med kyrkjedepartementet.

Sørensen konverterte til katolisismen i 1899.

Like frå 1872 hadde Sørensen skrive lokalhistorie frå Vestfold. Han skreiv mykje om kyrkjelege, politiske og moralske spørsmål. Etter han slutta skulegjerninga i 1894 heldt han fram som forfattar, mellom anna gjennom omfattande gransking av mellomalderske membranfragment i Riksarkivet. Han publiserte sin første artikkel om emnet i det danske tidsskriftet Varden i 1904. Åra 1906 og -07 fekk han stønad til granskararbeidet frå Nansenfondet. Etter han i 1908 presenterte arbeidet i Vitenskapsakademiet, føredraget trykt i Historisk tidsskrift same året, vart han utnemnd til statsstipendiat.

Sørensen sitt arbeid med membranfragmenta dokumenterte mellom anna at forfattarar som Augustin, Vergil, Isidor og Thomas Aquinas var kjent i Noreg i mellomalderen. Han leita også fram tidlege tekstar om medisinar.

Han døydde i hovudstaden i 1910.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • sambok 20 bøker av og om S.A. Sørensen
  • Olav Bø. «Søren Anton Sørensen» I: Norsk biografisk leksikon, 1. utg.