Sørndebele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørndebele
isiNdebele
Klassifisering Nigerkongo
 Atlantisk
  Voltakongo
   Benuekongo
    Bantoid
     Sørbantoid
      Bantuspråk
       Sentralt
        S
         S.30
Bruk
Tala i  Sør-Afrika
Sørndebeletalande i alt 640 000 (2006)[1]
Skriftsystem Latinsk skrift
Språkkodar
ISO 639-1 nr
ISO 639-2 nbl
ISO 639-3 nbl

Sørndebele (isiNdebele) er eit bantuspråk som er offisielt språk i Sør-Afrika. Det blir tala av 640 000 sørndebelefolk (2006), hovudsakleg i dei sørafrikanske provinsane Mpumalanga, Limpopo, Gauteng og North West. Rundt 1,4 millionar har det som andrespråk.

Utbreiinga av sørndebeles i Sør-Afrika. Mørkare farge viser til større del sørndebeletalande i befolkninga.

Språket er nært i slekt med nordndebele, som blir tala i Zimbabwe og Botswana. Både nord- og sørndebele er også ganske nært i slekt med zulu.

Sørndebele har to hovuddialektar: nord-transvaal og sør-transvaal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ndebele hos Ethnologue