SQUID

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sensorelement frå SQUID

Ein SQUID (forkorting for engelske superconducting quantum interference device eller «superleiande kvanteinterferensapparat») er eit særs kjenselvart magnetometer nytta til å måle særs svake magnetfelt, basert på superleiande sløyfer med Josephson-samband.

SQUID-apparat er sensitive nok til å måle felt så svake som 5 aT (5×10−18 T) i løpet av eit par dagar med midla målingar.[1] Støynivået deira er så lågt som 3 fHz.[2] Til samanlikning produserer ein vanleg kjøleskapsmagnet 0,01 tesla (10−2 T), og somme prosessar i dyr produserer særs svake magnetfelt mellom 10−9 T og 10−6 T. Eit nyleg oppfunne SERF atom-magnetometer er potensielt meir sensitivt og krev ikkje særs låge temperaturar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ran, Shannon K’doah (2004). Gravity Probe B: Exploring Einstein's Universe with Gyroscopes (PDF). NASA. s. 26. 
  2. D. Drung, C. Assmann, J. Beyer, A. Kirste, M. Peters, F. Ruede, and Th. Schurig (2007). «Highly sensitive and easy-to-use SQUID sensors» (PDF). IEEE Transactions on Applied Superconductivity 17 (2): 699. Bibcode:2007ITAS...17..699D. doi:10.1109/TASC.2007.897403.