STS-122

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
STS-122
STS-122 patch.png
Statistikk
Romferje: Atlantis
Rampe: LC-39A
Oppskyting: 7. februar 2008[1]
20:45 norsk tid
Attende til jorda: 20. februar 2008
Ferdas tid: 12 dagar, 18 timar, 21 minuttar, 50 sekundar
Mannskap
Kommandør: Stephen Frick
Pilot: Alan G. Poindexter
Oppdragsspesialistar: Leland D. Melvin
Rex J. Walheim
Hans Schlegel
Stanley G. Love
STS-122crew.jpg
Portrettfoto av mannskapet.
Kronologi
Førre romferd Neste romferd
STS-120 STS-120 STS-123 STS-123 patch.png

STS-122 var ei romferd til den internasjonale romstasjonen (ISS) med den amerikanske romferja Atlantis. Romferja hadde med seg ei ny modul til ISS, det europeiske laboratoriet Columbus. Laboratoriemodulen vart montert til Harmony den 11. februar 2008. STS-122 henta og ned besetningsmedlemmet Daniel M. Tani, som vart bytta ut med Léopold Eyharts frå ESA. Han vert verande om bord romstasjonen dei neste tre månadene, og har blant anna ansvaret for å klargjere dei vitskaplege instrumenta på Columbus.

Oppskytinga skulle etter planen finne stad den 6. desember 2007 frå rampe 39A ved Kennedy Space Center, men vart utsett til 9. desember 2007 etter at det vart avdekt problem med to sensorar nokre timar før oppskytinga. Same problemet oppstod under det andre forsøket, og oppskytinga vart avbroten. Omsider vart romferja Atlantis skoten opp den 7. februar 2008 klokka 20:45 norsk tid, og kopla til med den internasjonale romstasjonen den 9. februar klokka 18:17. Etter nærare tretten døgn i rommet, landa romferja på rullebane 15 ved Kennedy Space Center den 20. februar 2008.

Høgdepunkt[endre | endre wikiteksten]

STS-122 hadde med det europeiske laboratoriet Columbus og andre mindre delar til den internasjonale romstasjonen. I tillegg vart Daniel M. Tani henta ned og den franske astronauten Léopold Eyharts vart igjen på romstasjonen som mannskap på Ekspedisjon 16.

Tids line for romferda[endre | endre wikiteksten]

Oppskytinga av STS-122 7. februar 2008.
Foto: NASA/Jim Grossmann

førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Den eksterne tanken (ET-125) kom til Kennedy Space Center 14. september 2007, der den rutinemessig vart inspisert for eventuelle skadar under transporten frå Michoud Assembly Facility i Louisiana. Faststoffrakettane vart montert på tanken den 18. oktober, og Atlantis vart transportert til monteringshallen den 3. november 2007.

utsetting av oppskytinga[endre | endre wikiteksten]

Oppskytinga av romferja skulle etter den opphavlege planen finne stad 6. desember 2007, men vart utsett med tre dagar etter at det vart funne problem med to av fire sentrale sensorar i den eksterne drivstofftanken. Same problemet oppstod under det andre forsøket, og oppskytinga vart dermed avbroten. Årsaka til problemet vart funnen 18. desember 2007, og feila vart utbetra i løpet av desember og januar.

7. februar 2008 – Oppskyting[endre | endre wikiteksten]

Tankinga av den eksterne drivstofftanken begynte klokka 11:26 norsk tid. Sensorane som var årsaka til dei tidlegare utsetjingane fungerte denne gongen slik dei skulle, og bakkemannskapet fekk klarsignal til å fortsette førebuingane. Det var knytt ei viss usikkerheit til vêrforholda tidleg på dagen, men Atlantis kunne skytast opp som planlagt klokka 20:45 norsk tid.

8. februar 2008 – Andre dag[endre | endre wikiteksten]

Canadarm1 og OBSS.

Første delen av dagen vart brukt til å klargjere romferja for tilkopling med romstasjonen, blant anna ved å korrigere banen med rakettmotorane. Senterlinjekameraet, som er et viktig verktøy dei siste metra før samankoplinga finn stad, vart også installert.

Store delar av dagen vart brukt til å inspisere varmeskjoldet på romferja ved hjelp av robotarmen Canadarm1 og sensorsystemet «Orbiter Boom Sensor System» (OBSS). OBSS er ei 15 meter lang bom utstyrt med ei avansert 3D-scanner og anna kamerautstyr som blir brukt til å avdekkje eventuelle skader på varmebeskyttelsen. dei innsamla data blir så sendt ned til romfartssenteret for nærare analyse.

9. februar 2008 – Tredje dag[endre | endre wikiteksten]

Atlantis kopla til med den internasjonale romstasjonen klokka 18:17 norsk tid, og mannskapet gjekk om bord klokka 19:40. Atlantis er den første romferja som har kopla til til PMA-2 på modulen Harmony. PMA-2 vart flytta frå Destiny til Harmony den 20. november 2007.

NASA utsette den første romvandringa til 11. februar, og utvida STS-122 med 24 timar.[2]

10. februar – Fjerde dag[endre | endre wikiteksten]

Mannskapet brukte dagen på å undersøkje ei overflateskade på varmevernet til av rakettmotorane. Skaden er mindre enn tilsvarande skade som oppstod under oppskytinga av STS-117, og det er ikkje meldt om planar om å utbetre skadane før romferja returnerer til jorda. dei undersøkte også område rundt vindauga. Walheim og Love overnatta rutinemessig i luftslusa for å kvitte seg med nitrogen i blodet, og dermed redusere risikoen for trykkfallsyke under romvandringa neste dag.

11. februar – Femte dag[endre | endre wikiteksten]

Den europeiske laboratoriemodulen Columbus montert til styrbord side av Harmony.

Love og Walheim begynte den første romvandringa klokka 14:13 UTC (15:13 norsk tid), med assistanse frå Alan Poindexter og Hans Schelgel inne i romstasjonen. Leland D. Melvin styrte robotarmen som henta ut Columbus frå lasterommet, og modulen vart montert til romstasjonen klokka 21:44 UTC.

Romvandringar[endre | endre wikiteksten]

Det vart utført tre romvandringar under STS-122. Rex J. Walheim hadde utført to romvandringar med (STS-110). Hans Schlegel skulle opphavleg utføre den første romvandringa saman med Walheim. Grunna medisinske årsaka vart Schegel vart bytta ut med Stanley G. Love på romvandring nr. 1, og samtlege av romvandringane vart utsett med 24 timar.[2]

Astronautar Start Slutt lengde Oppdrag
Nr. 1 Rex J. Walheim
Stanley G. Love
11. februar
14:33 UTC
11. februar
22:11 UTC
7 timar, 58 minuttar Installasjon av festepunkt på Columbus, slik at robotarmen Canadarm2 kan flytte den den. Gjere klar til å bytte ut ein nitrogentankutrustning som er festa til P1 truss (N2), del av klimakontrollsystemet på ISS.
Nr. 2 Rex J. Walheim
Hans Schlegel
13. februar
14:27
13. februar
21:12
6 timar, 45 minuttar Installasjon av ny nitrogentankutrustning, fjerning av den gamle.
Nr. 3 Rex J. Walheim
Stanley G. Love
15. februar
13:07
15. februar
20:32
7 timar, 25 minuttar Installasjon av Solar Monitoring Observatory, EuTEF og andre komponentar knytte til Columbus-laboratoriet. Henting av et øydelagt gyroskop (CMG-3) som vart bytta ut under STS-118 og mellombels festa på utsida av romstasjonen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]


Romferder med romferja Atlantis
1985: STS-51-J | STS-61-B | 1988: STS-27 | 1989: STS-30 | STS-34 | 1990: STS-36 | STS-38 | 1991: STS-37 | STS-43 | STS-44 | 1992: STS-45 | STS-46 | 1994: STS-66 | 1995: STS-71 | STS-74 | 1996: STS-76 | STS-79 | 1997: STS-81 | STS-84 | STS-86 | 2000: STS-101 | STS-106 | 2001: STS-98 | STS-104 | 2002: STS-110 | STS-112 | 2006: STS-115 | 2007: STS-117 | 2008: STS-122 |2009: | STS-125 |2010: STS-132 |2011: STS-135