Saane
Utsjånad
Saane | |||
Sarine | |||
elv | |||
Berner Brücke/Pont de Berne over Saane/Sarine, nær Fribourg.
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 892 km² | ||
Lengd | 128 km | ||
Kjelde | Foten av Sanetschhorn | ||
Munning | Aare | ||
- stad | vest for Bern | ||
- koordinatar | 46°58′46″N 7°15′39″E / 46.97935°N 7.260918°E | ||
Saane 46°19′49″N 7°15′59″E / 46.3304°N 7.2664°E | |||
Wikimedia Commons: Saane/Sarine |
Saane (tysk), eller Sarine (fransk) er ei 128 km lang elv i det vestlege Sveits. Ho har eit nedslagsfelt på 1 892 km². Saane er ei bielv til Aare. Elva har kjelde ovanom Gsteig ved fjellet Sanetschhorn, i den vestlege delen av Berner Oberland. Ho renn først nordover til Gstaad og Saanen, der ho kursar vestovar. Ved Montbovon vender elva atter mot nord og renn gjennom kantonen Fribourg. Ho passerer byane Gruyères og Fribourg før ho munnar ut i Aare, om lag 15 km vest for Bern.
Elva vert rekna som språkgrensa mellom den tyskspråklege og den franskspråklege delen av Sveits.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Saane» frå Wikipedia på tysk, den 18. august 2011.