Saga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Førstesida av Sagaen om Ramnkjell Frøysgode etter eit manuskript frå 1600-talet.

Saga eller soge (norrønt saga) er ein litterær sjanger frå norrøn tid som særleg er kjende frå Island. Ein eller ei saga er ei prosaforteljing om eit historisk eller mytologisk emne, og handlar typisk om ætter og heltar. Islendingesogene og kongesogene er kjende undertypar av sagaene. Sagalitteraturen bygger i stor grad på munnleg overleverte forteljingar, og blei skriven ned mellom 1120 og 1400-talet.

Ættesagaer er forteljingar om slekter. Av dei mest kjende islandske ættesagaene finn ein Egilssoga (frå 1220) og Njålssoga (frå 1280). I Noreg er Heimskringla av Snorre Sturlasson, ei samling kongesoger, best kjend. Medan Snorre og Sturla Tordarson er kjende sagaforfattarar, er dei fleste sagaane skrivne av ukjende.

Handlinga i dei fleste sagaene hovudsakleg går føre seg i Noreg eller på Island, men Grǿnlendinga saga og Eiríks saga rauða fortel om norrønt liv på Grønland og i Nord-Amerika, medan Hervors saga og Gutasagaen har handling frå Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen som har med historie og Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.