Sagfjorden i Salangen

Koordinatar: 68°52′59.048″N 17°45′56.084″E / 68.88306889°N 17.76557889°E / 68.88306889; 17.76557889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°52′59.048″N 17°45′56.084″E / 68.88306889°N 17.76557889°E / 68.88306889; 17.76557889

Sjøvegan og Sagfjorden sett frå Høgfjell

Sagfjorden er ein fjordarm av Salangen i Salangen kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 7 km søraustover til Sjøvegan i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Langeneset ved Salangsverket i nord og Revholmen i sør. Øyane Lamøya, Finnøya og Storøya ligg i innløpet til fjorden. Aust for Storøya ligg grendene Indregård og Skårvik. Bygda Dalen ligg vest i fjorden, og inn mot botn av fjorden finn ein grendene Sommerset, Otterå og Laberg.

Riksveg 84 går langs nordaustsida av fjorden, medan Fv152 går på sørvestsida.