Hopp til innhald

Saima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saima

LandFinland
TypeTidsskrift, avis[1]
Grunnlagd4. Januar 1844'"`uniq--ref-00000001-qinu`"'
SpråkFinsk[1]
ISSN1457-456X[1]

Saima var ei finsk vekeavis som vart utgjeven av Johan Vilhelm Snellman frå 4. januar 1844 til 31. desember 1846 i den finske byen Kuopio. Bladet vart trykt i Karstens trykkpresse i Kuopio. Avisa vart utgjeven éin gang i veka, kvar torsdag.

Avisa utgav samfunnskritiske artiklar om utdanning, sosiale, økonomiske og nasjonale spørsmål. Utgjevaren, Snellmann, var kjend for polemikken sin med Zacharias Topelius i Helsingfors Tidningar. I tillegg til sosiale spørsmål handsama avisa òg litterære tekstar.

Avisa hadde heilt frå byrjinga ein omfattande lesekrets, med omkring 700 abonnentar frå heile landet. Ho var Finland sin nest mest populære avis, berre overgått av Finlands Allmänna Tidning (forgjengaren til den noverande avisa Virallinen lehti).

Avisa vart ofte sensurert, og i slutten av 1846 vart avisa nedlagd på grunn av dei kontroversielle radikale synspunkta ho hadde. Etterfølgjaren vart grunnlagd av Snellmann med støtte av Elias Lönnrot, under namnet Litteraturblad för allmän medborgerlig bildning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://digi.kansalliskirjasto.fi/sanomalehti/titles/1457-456X/data.