Saint John's

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå St. John's på Newfoundland.
Saint John's
Saint John's
Saint John's
Styresmakter
Land
Øy
Antigua og Barbuda
Antigua
Grunnlagd 1632 evt.
Geografi
Flatevidd
 - By

10 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

31 000
  3 100/km²
Koordinatar 17°07′″N 61°51′″WKoordinatar: 17°07′″N 61°51′″W
Tidssone AST (UTC-4)
Plassering
Plassering av Saint John's

Saint John's er hovudstaden og den største byen i Antigua og Barbuda. Byen ligg ved ei naturleg hamn på nordvestsida av øya Antigua. Arealet på byen er 10 km2 og folketalet var 31 000 innbyggjarar i 2005. Her er ei travel hamn og produksjon av tekstilar, rom, tre- og metallvarer. I tillegg er det noko finansverksemd og turisttrafikk i form av cruiseskip. Katedral vart bygd i 1845 og byen har eit historisk museum.

Byen var administrerande senter i kolonien Antigua og Barbuda frå 1632 til 1981. Det året vart landet sjølvstendig og Saint John's vart hovudstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]