Antigua og Barbuda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
[endre]
Antigua and Barbuda

(norsk: Antigua og Barbuda, antiguansk)

Det antiguanske flagget Det antiguanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Fair Antigua, We Salute Thee»
Motto Each Endeavouring, All Achieving (engelsk: Kvar forsøker, alle oppnår)
Geografisk plassering av Antigua og Barbuda
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Saint John's
Styresett
Monarki
Elisabeth II
Gaston Browne
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
443 km² (184.)
nær 0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
94 731 (186.)
213,8 /km² (42.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
1. november 1981
Nasjonaldag 1. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
2 096 mill. USD (177.)
24 700 USD (56.)
Valuta Austkaribisk dollar
Tidssone UTC -4
Telefonkode +1-268
Toppnivådomene .ag


Antigua og Barbuda er ein karibisk øystat som har vore sjølvstendig sidan 1981. Hovudøya Antigua ligg 40 km sør for Barbuda. Ei mindre øy, Redonda, og fleire småøyer høyrer også til staten.[1] Lenger sør ligg Guadeloupe, i sørvest Montserrat. I vest ligg Saint Kitts og Nevis. Øyane er ein del av Leeward-øyane i dei små Antillane.

Hovudstaden og største by er Saint John's på Antigua.[2] Øystaten er ein del av det britiske samveldet og engelsk er offisielt språk.[1]

Kart over Antigua og Barbuda.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Antigua har ein flatevidd på 280 km². Ho er av gammalt vulkansk og korallopphav, medan Barbuda på 161 km² er ei flatare koralløy. Klippeøya Redonda på 1 km² er ikkje folkesett.

Det meste av skogdekket på Antigua er felt, medan Barbuda framleis har eit rikt plantedekke. Begge øyene er kjend for mange fine sandstrender.[3]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Øyane har eit tropisk klima med middeltemperatur på 27 °C. Den årlege nedbørsmengda er kring 1100 mm og det meste av nedbøren kjem i september-november. Øyane er utsette for tropiske orkanar.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antigua og Barbuda blei folkesette rundt 3100 f.Kr. av førkeramiske jeger- og samlarar kjende som ciboney eller siboney, rekna som tainoar.[4][5] Øyene bli seinare folkesette av arawakar, rundt byrjinga av vestleg tidsrekning.[5] Arawakane introduserte jordbruk og dyrka mellom anna den særmerkte antiguanske svarte ananasen (Moris-kultivaren av Ananas comosus), mais, søtpotet, chili, guava, tobakk og bomull.

Karibar hadde truleg teke kontroll over øyene då Christopher Columbus kom hit på si andre reise til Amerika i 1493.[5] Spanjolane koloniserte ikkje Antigua ettersom øya hadde lite ferskvatn og mange aggressive karibar. Engelskmenn slo seg ned på øya i 1632, medan Christopher Codrington skipa ein koloni på Barbuda i 1684. The Britane herska over øyene frå 1632 til 1981, med eit kort avbrekk då Frankrike tok makta i 1666.

Slaveri blei brukt på øyene for å driva sukkerplantasjar frå rundt 1684. Det blei avskaffa i 1834, dels gjennom slaveopprør. 1. november 1981 blei Antigua og Barbuda ein sjølvstendig stat med Elisabet II av Storbritannia som statsoverhovud. Vere Cornwall Bird Sr blei den første statsministeren.

I september 2017 blei Barbuda råka av orkanen Irma øya, som raserte størsteparten av bygningmassen og infrastrukturen. Etterpå blei nesten alle innbyggjarane på øya evakuerte til Antigua, som hadde mindre skade.[6][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Antigua og Barbuda». Store norske leksikon. 6. september 2017. Henta 19. juni 2018. 
  2. «Antigua og Barbuda». Store norske leksikon. 6. september 2017. Henta 19. juni 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Antigua og Barbudas Geografi». Store norske leksikon. 14. april 2015. Henta 19. juni 2018. 
  4. «Introduction ::Antigua and Barbuda». https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/ac.html. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «barbudaful history - barbudaful». http://www.barbudaful.net/barbudaful-history.html. 
  6. Panzar, Javier; Willsher, Kim (14. september 2017), «For first time in 300 years, there’s not a single living person on the island of Barbuda», USA Today, https://www.usatoday.com/story/news/world/2017/09/14/barbuda-hurricane-irama-devastation/665950001/, henta 14. september 2017 
  7. «Hurricane damage 'heartbreaking' Prince Charles». BBC News. 18. november 2017. Henta 19. juni 2018. 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.