Saint Louis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
St. Louis
by
Gateway Arch as seen from East St. Louis, IL (5263761913).jpg
Land Flag of the United States.svg USA
Stat Missouri
Areal 171,3 km²
Folketal 318 069 (2011)
Tidssone -6
Wikimedia Commons: St. Louis, Missouri

Saint Louis er ein by i delstaten Missouri i det sentrale USA. Bykommunen Saint Louis omfattar eit landareal på 160,4 km², med i kring 319 000 ibuarar (2010).

Byen Saint Louis ligg lengst aust i delstaten ved Mississippielva, like sør for åmotet mellom sideelva Missouri og hovudelva. Elva Mississippi er også grenseelv mot delstaten Illinois, og området på begge sider av elva dannar metropolen Greater Saint Louis, det 19. største byområdet i USA med eit folketal på om lag 2,9 millionar.

Saint Louis vart grunnlagt i 1764 av franske pelshandlarar. Byen voks mykje på 1800-talet, og var seint i 1800-åra den fjerde største byen i USA. I 1904 vart både ei såkalla verdsutstilling avvikla i byen og dei tredje olympiske sommarleikane. Folketalet voks til 1950, sidan har byen vore i ein langvarig, svak nedgang. Økonomien er basert på tenesteytande næringar, handel, godstransport, industri og turisme.

Musikaren Chuck Berry var frå Saint Louis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]