Salar de Uyuni
| Salar de Uyuni | |||
| saltørken | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Salar de Uyuni 20°20′00″S 67°42′00″W / 20.33333°S 67.7°W | |||
| Wikimedia Commons: Salar de Uyuni | |||
Salar de Uyuni er verdas største saltørken med ei overflate på 10 582 km².[1] Han ligg i departementet Potosí på 3650 moh. sørvest i Bolivia, og er ein del av høgsletta Altiplano.[1]
På slutten den geologiske epoken pleistocen var Salar de Uyuni ein del av ein stor innsjø, Ballivián. I dag inneheld den uttørka innsjøen natriumklorid i krystallinsk tilstand, steinsalt, og det mjuke mineralet gips. Det vert årleg tatt ut under 25 000 tonn salt frå saltørkenen. Reservane kan vere på 10 milliardar tonn.
I regntida kan overflata i somme område vere dekt av vatn, opp til fleire desimeter djupt. Men frå slutten av juni til starten på regntida i starten av desember er sjøen tørr. Køyretøy kan då ferdast på Salar de Uyuni, med unnatak frå sølete strandsoner, og individuelle vassøyer.
Under salpeterkrigen var byen Uyuni ein garnisonby, i dag eit startpunkt for turistturar i området. Den mest kjente øya på Salar de Uyuni er Incahuasi ca 80 kilometer frå Uyuni.
Salar de Uyuni er eit viktig habitat og hekkeområde for alle tre artar flamingo i Sør-Amerika: chilensk flamingo, andesflamingo og punaflamingo.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Salar de Uyuni.Foto: Lion Hirth
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Uyuni Salt Flat | Map, Facts, & Elevation | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 2026-08-02
- Denne artikkelen bygger på «Salar de Uyuni» frå Wikipedia på engelsk, og «Salar de Uyuni» frå Wikipedia på tysk den 11. november 2006.
