Salbmagirji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Salbmagir'je)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sálbmagirji (nordsamisk for 'Salmebok') er namn på fleire utgåver av ei samisk salmebok med tilfang av salmar frå den gamle kyrkjesalmeboka til M.B. Landstad.

Den første utgåva kom i 1870 under tittelen Salbmagirje : Ibmeli gudnen ja same-særvvegoddidi bajas-rakadussan (Salmebok til Guds ære og dei samiske kyrkjelydane til oppbygging). Boka inneheldt 226 salmar, og dei som stod for utarbeidinga av boka var J.A. Friis med hjelp frå Lars Hætta. Salmane var henta frå Friis si bok Muttom Salmak ('Nokre salmar') med tillegg av omsette salmar frå Landstads kirkesalmebog, som kom ut same året.

Salbmagirje (1897)[endre | endre wikiteksten]

I 1897 gav biskop J.N. Skaar i samarbeid med Just Qvigstad ei auka og omvølt utgåve av Salbmagirje. Denne boka hadde ialt 360 salmar. Dei fleste nye salmane var omsette frå Landstads salmebok, men det var òg nokre nyskrivne salmar, blant dei seks skrivne av J.N. Skaar. Salmane har tilvising til dei tilsvarande salmane Landstads salmebok.

Gir'ko-sál'bmagir'ji (1957/1996)[endre | endre wikiteksten]

I 1957 vart salmeboka avløyst av ei ny salmebok, Gir'ko-sál'bmagir'ji. Men i dei samiske kyrkjelydane var det mange som ønskte å halde på den gamle Sálbmagirje. Boka har difor kome i nye opplag. I 1996 gav Samisk kyrkjeråd ut ei ny utgåve, i ny transkribsjon: Salbmagirji : Ipmelii gudnin ja Sámi searvegottiide bajásráhkadussan. Salmeutvalet er likt som i 1928-utgåva.

Salbmagir'ji II (2005)[endre | endre wikiteksten]

I 2005 gav Samisk kyrkjeråd ut ei tilleggssalmebok med nye salmar, både omsette og nyskrivne. Denne boka er meint som eit førebels tillegg til Salbmagir'ji, og nummereringa i tillegget held fram der den første boka sluttar, slik at salmane i Salbmagir'ji II er nummererte frå 361 til 771. Salmane har tilvising til tilsvarane salmar i Landstads reviderte salmebok og Norsk salmebok. Eit eige nordsamisk salmebokutval med Arild Hellesøy som leiar har stått for salmebokarbeidet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]