Johannes Nilsson Skaar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Nilsson Skaar
NFB49724 Johannes Nilssøn Skaar.jpg
Fødd 15. november 1828
Kvam
Død

13. desember 1904
Trondheim

Yrke prest
Verv Biskop i Tromsø stift
Periode 1885-1992
Føregangar Jakob Sverdrup Smitt
Etterfylgjar Peter Wilhelm Kreydahl Bøckmann
Verv Biskop i Trondhjem stift
Periode 1892-1904
Føregangar Nils Jacob Laache
Etterfylgjar Vilhelm Andreas Wexelsen
Johannes Nilsson Skaar på Commons

Johannes Nilsson Skaar (også skrive Johannes Nilssøn Skaar) (15. november 182813. desember 1904) var ein norsk biskop og hymnolog.

Johannes Skaar var fødd på garden Skåro ved Fyksefjorden i Hardanger og voks opp i ein haugiansk heim, med foreldra Elseber Torgeirsdatter Flatabø og Nils Gjermundson Skaar. Han tok teologisk embetseksamen i 1857 og vart ordinert som kapellan i Nord-Aurdal i 1858. I 1862 vart han kapellan i Skien, og i 1872 sokneprest i Gjerpen.

Skaar var påvirka av den konservative forkynninga til professor Gisle Johnson, sjølv om Skaar kom til å stå for ei meir luthersk-ortodoks linje med vekt på presteleg embetsforståing og sakramentforvalting. Spesielt interesserte han seg for salmar og hymnologi. Medan han var i Gjerpen, skreiv Skaar fleire salmar og gav ut boka Lovsang og aandelige Viser. I 1879 gav han ut tobandsverket Norsk salmehistorie som tek for seg bakgrunnen til salmane i Landstads kirkesalmebog.

I 1885 vart Skaar utnemnd til biskop i Tromsø. Han engasjerte seg i arbeidet for samane, og omsette sjølv nokre salmar til samisk. Som biskop skreiv han til kyrkjedepartementet og bad om pengeløyvingar slik at Bibelen kunne omsetjast til samisk. Då departementet ikkje ville tilrå ei slik løyving, skreiv han i staden til prestane i bispedømmet og bad dei organisere ei privat innsamling til omsetjingsarbeidet. Skaar var med å stifte Norsk Finnemisjon. Sørfrå hadde Skaar med seg ein skepsis til læstadianismen, men han fekk etter kvart sympati for den læstadianske rørsla. Likevel, då biskop Skaar forlét Tromsø i 1893, var han skuffa over at han ikkje hadde oppnådd noko i kampen mot den hardhendte fornorskinga, men lidd nederlag mot statens språkpolitikk. Mange av prestane hadde heller ikkje delt synspunkta til biskopen.[1]

I 1892 var Skaar blitt utnemnd til biskop i Trondhjems stift, der han var biskop til han døydde i 1904. Både kyrkjeleg og politisk var Skaar strengt konservativ, kritisk til lekmannsrørsle og kyrkjeleg reformarbeid.

Han vart gravlagd ved Gjerpen kyrkje.

Biskop Skaars gate på Berg i Trondheim er oppkalla etter J.N. Skaar.[2]

Stortingsmennene Gjermund og Nils Nilsson Skaar var brørne hans.

Skaars salmar i salmebøkene[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

  • Adolf Steen: Samenes kristning og finnemisjonen til 1888 Egedeinstituttet / Forlaget Land og Kirke 1954

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]