Hopp til innhald

Salzgitter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salzgitter
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Niedersachsen
Landkreis Kreisfri by
Høgd 80–275 m
Areal 224,49 km²
Folketal 105 039 (31. desember 2023)
Grunnlagd 1942
Postnummer 38201–38259
Retningsnummer 05341, 05300
Bilnummer SZ
Kart
Salzgitter
52°09′01″N 10°21′34″E / 52.150277777778°N 10.359305555556°E / 52.150277777778; 10.359305555556
Wikimedia Commons: Salzgitter

Salzgitter er ein by søraust i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg mellom Hildesheim og Braunschweig. I lag med Wolfsburg og Braunschweig, er Salzgitter ein av sju Oberzentren i Niedersachsen (eit slags storbyområde). Arealet til byen er eit av dei største i Tyskland.

Schloss Ringelheim i Salzgitter.

Byen er forbunde til Mittellandkanal og Elbe-Seitenkanal via elva Innerste. Dei næraste byane er Braunschweig, 23 km nordaust og Hannover, 51 km nordvest.

Byen vart grunnlagd i 1942, og i lag med Wolfsburg, Leverkusen og Eisenhüttenstadt, er Salzgitter derfor ein av få byar i Tyskland som vart grunnlagd på 1900-talet.

Salzgitter har sitt opphav på byrjinga av 1300-talet rundt saltkjelder nær landsbyen Verpstedt (seinare Vöppstedt). Namnet utvikla seg frå nabolandsbyen Gitter (som i dag er ein landsby) og vart først nemnd i 1347. Etter 200 år med saltverk ved forskjellige kjelder fekk bøndene i området som i dag er Salzgitter byrettar, men mista rettane då byen kom inn under Hertugdømet Braunschweig-Lüneburg på byrjinga av 1500-talet. Då han vart overført til Preussen i 1803 fekk Salzgitter igjen byrettar, men i 1815 vart dei igjen fjerna då han vart ein del av Kongedømet Hannover.

I 1830 vart det oppretta eit saltbad i Salzgitter.

Etter at Kongedømet Hannover vart ein del av Preussen i 1866, vart Salzgitter ein kommune i Preussen, som fekk byrettar igjen i 1929. Før dette hadde Vorsalz og Liebenhall vorte innlemma (1926, 1928). I 1936 vart Kniestedt innlemma, og i 1938 tettstaden Gitter. Frå 1942 hadde den unge byen fått 29 bydelar. 1. april 1942, vart den kreisfrie byen Watenstedt-Salzgitter (omdøypt til Salzgitter i 1951) danna ved at ein slo saman landkreisane Goslar og Wolfenbüttel med byen Salzgitter.

I 1937 byrja ein gruvedrift etter jernmalm og eit jernverk vart bygd. I oktober 1942 vart ein underavdeling av Neuengamme konsentrasjonsleir oppretta for å gje slavearbeidarar til jernverka. [1] Denne store leiren hadde 2 800 fangar. Det var tre konsentrasjonsleirar i Salzgitter under krigen, og byen vart hardt råka av amerikanske og britiske bombetokt. Etter krigen vart Braunschweig med Salzgitter ein del av delstaten Niedersachsen.

  1. United States Holocaust Memorial Museum, Holocaust Encyclopedia. Neuengamme.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Salzgitter