Samarinda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over ein del av Samarinda

Samarinda er ein by i Indonesia, og ligg på den indonesiske delen av øya Borneo. Byen er hovudstad i provinsen Aust-Kalimantan (Kalimantan Timur). Vel 720 000 menneske budde i Samarinda ved folketeljinga 2010.

Byen ligg ved elva Mahakam, nokre kilometer frå der elva har sitt delta mot Makassarsundet. Mahakam er viktigaste trafikkåra til det lite utbygde innlandet kring byen. Samarinda er eit sentrum for handelen med trevirke frå tropeskogane i Kalimantan, den indonesiske delen av øya Borneo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]