Borneo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borneo
Geografi
Koordinatar 3°21′17″N 117°35′48″EKoordinatar: 3°21′17″N 117°35′48″E

Administrasjon
Land Brunei
Land Indonesia
Delstat Kalimantan
Land Malaysia
Delstatar Sarawak og Sabah

Borneo er ei øy i Søraust-Asia, og den største av dei store Sundaøyane. Øya er den tredje største i verda, etter Grønland og Ny-Guinea, og har eit flatemål på 745 560 km². Ho har over 23 millionar innbyggjarar (folketeljingar 2020).[1][2][3]

Borneo er delt mellom tre statar. Størstedelen, rundt 73 %, høyrer til Indonesia og heiter Kalimantan. I Indonesia kallar ein heile øya for Kalimantan. I nord er det to malaysiske provinsar, Sabah og Sarawak, i tillegg til den vesle staten Brunei, som dekkjer rundt 1 % av øya. Namnet «Borneo» er truleg ei spansk-portugisisk forvansking av «Brunei».

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Borneo har kyst mot Sørkinahavet i nord og nordvest, Suluhavet i nordaust, Sulawesihavet og Makassarsundet i aust og Javasjøen og Karimatasundet i sør. Øya ligg på kanten av Sunda-sokkelen, og vart skilt frå det asiatiske fastlandet av havet i nyare geologisk tid. Øya er geologisk meir stabil enn naboøyane Sulawesi og Java.

Borneo har ei rekkje fjellkjeder og platå som består av grunnfjell og mesozoiske bergarter. Det dominerande landskapstrekket er ein fjellkjede som strekkjer seg frå Schwanfjella i sørvest til Crocker Range i nord, der Kinabalu når opp i 4101 moh. Det er dermed det høgaste fjellet i Søraust-Asia. Kapuas-, Kelingkang- og Iran-fjella strålar ut frå det sentrale fjellmassivet mot kysten. Langs kysten er landet flatt og havet grunt. Rundt halvparten av øyarealet ligg under 150 moh, og dei få hamnene ligg hovudsakleg i elvemunningane. Slettelandet er danna av avsetninger frå elvene, som er vassrike og til dels seglbare. Blant dei større elvene er Barito, som er seglbar i 354 km, Kapuas som er seglbar i 225 km og Mahakam. Alle desse elvane ligg i indonesiske Kalimantan.

Soloppgang i skogen i Sarawak.

Den låge vulkanske aktiviteten gjer at jordsmonnet på Borneo ikkje er spesielt næringsrikt. Ein finn likevel eit variert og stort biologisk mangfald på øya, mellom anna fleire artar som berre finst her, som borneoelefant, borneoorangutang, Hoses palmesivett og dayak-flygehund. Over 2/3 av Borneo er dekt av tropisk regnskog. Langs sør- og sørvestkysten finst store ferskvassumper og mangroveskogar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet er typisk ekvatorialt, med høg varme og stor luftfukte heile året. Årleg middeltemperatur er ca 25 °C med svært små årstidsvariasjonar. Nedbørsmengden i dei fleste område er 2500–3500 mm årleg, med oktober til mars som den mest nedbørrike tida.

Dansandne «medisinmenn» frå dusun-dajakane på Vest-Borneo.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Borneo er tynt folkesett, i det indre av øya er folketettleiken mange stader under 1 per km². Den størst tettleiken finn ein langs kysten frå Kota Kinabalu i Sabah til Brunei, frå Sibu i Sarawak til Pontianak i vestre Kalimantan og frå Banjarmasin til Balikpapan i søraustre Kalimantan). Dei største byane er Kuching, Banjarmasin, Kota Kinabalu, Sandakan og Pontianak.

Folkesetnaden er sett saman av malayar, kinesarar og dajakar. «Dajak» viser til ei rekkje ulike ikkje-muslimske stammar, der dei største er iban eller sjødajakar, landdajakar, kadazanarar, fjelldajakar, kayanar, kenyahar og ngajuar. Malayar er hovudsakleg malaytalande muslimar med røter på øya eller frå andre delar av Malaysia eller Indonesia. Kinesarar, hovudsakleg hakkaer, har vore etablerte på øya i land tid, hovudsakleg i samband med handel og gruvedrift, og bur hovudsakleg i byane. Indonesia har ført ein aktiv busetjingspolitikk som har gått ut på å få indonesarar frå andre øyar til Borneo. Øya har også ein god del innvandrararar frå Filippinane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kart over Borneo frå 1521 teikna av Antonio Pigafetta.

Dei eldste spora etter reiskapmaking på øya er rundt 20 000 år gamle. Funn av risrestar ved Gua Sirih-hola nær Kuching tyder på at ein kan ha dyrka ris her allereie for 4000 år sidan. Jernteknologi kom til øya i løpet av det første tusenåret e.Kr., og rundt år 1000 hadde ein truleg byrja vinna ut og forma jern her sjølv.[4]

Borneo har hatt samband med fleire andre kulturar i lang tid. Påverknad og innvandring frå India alt på 500-talet; seinare innvandra mange kinesarar. Europearane kom til Borneo på 1500-talet då Antonio d'Abreu seglde frå Malakka (Melaka) til sørkysten av øya 1511–14. Seinare handla portugisarar og spanjolar med Brunei, den viktigaste byen på Borneo. Frå 1500-talet innvandra muslimske malayar og oppretta sultanat langs kysten: Kutai, Banjarmasin og Brunei. I 1604 slo nederlendarane seg ned på kysten, seinare kom engelskmenn; men ved slutten av 1700-talet forlét begge partar Borneo, som vart overlate til innfødde sultanar og sjørøvarar.

Ein tidlegare offiser i den britisk-indiske armeen, James Brooke, hjelpte sultanen av Brunei med å fri landet frå sjørøveri, og fekk til takk det store distriktet Sarawak i 1841. Ein britisk flåte utrydda sjørøvariet, og sultanen av Brunei avstod øya Labuan til Storbritannia i 1847. I mellomtida hadde nederlendarane skaffa seg innverknad i sørlege og austlege Borneo, og grensa mellom britiske og nederlandske område vart fastsett 1891.

Under andre verdskrigen var øya okkupert av Japan frå 1942 til 1945. Etter verdskrigen vart Nederlandsk Borneo til provinsen Kalimantan i Indonesia i 1949. Britisk Nord-Borneo (no Sabah) og Sarawak vart statar innanfor Malaysia-føderasjonen i 1963. Sultanatet Brunei var eit britisk protektorat fram til sjølvstendet i 1983.

I indonesisk Vest-Kalimantan har det i fleire tiår vore ein ulmande konflikt med sporadisk vald mellom urbefolkninga, dajakane, og innflyttarar frå øya Madura. Maduresarane har hovudsakleg kome til øya gjennom Indonesia sitt store migrasjonsprogram frå 1960-talet av. Konfliktar knytt til ressursar og økonomi har medført valdelege samanstøyt og etniske massakrar i 1996–97, 1999 og i 2001, då fleire hundre maduresarar vart drepne og over 100 000 måtte flykta. I 2001 hadde nesten heile den maduresiske folkesetnaden, som ved tusenårsskiftet utgjorde 21 % av folkesetnaden, forlate sentrale Kalimantan.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Mindre enn 10 % av arealet på Borneo er fast jordbruksland, og jordbruket er lite utvikla. Dei viktigaste jordbruksområda er Kapuasdalen, den nedre delen av Baritodalen, Rajangdalen og kystsletta frå Sambas til Pontianak. Her dyrkar ein ris, kokosnøtt, sago og peppar, og gummi på store plantasjar.

Meir enn 2/3 av øya er dekt av tropisk regnskog. Frå skogane blir teke det ut teak og andre verdifulle treslag. Hogst har ført til ein kraftig reduksjon av regnskogen.

Øya har store mineralressursar, med petroleum som den viktigaste. Det finst òg steinkol, bauxitt, kopar, diamantar og gull på øya. Borneo har lite industri, men har oljeraffineri i Balikpapan og kjemisk industri i Kuching.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sugianto, Danang. «Sensus Penduduk 2020 Selesai, Begini Sebaran Masyarakat RI Terbaru». finance.detik.com. Henta 27. september 2022. 
  2. «Malaysia: Federal States, Territories, Districts, Major Cities, Urban Aras & Conurbations - Statistics & Maps on City Population». Citypopulation.de. 20. mai 2013. Henta 12. juli 2013. 
  3. «W.P. Labuan Sepintas Lalu». statistics.gov.my. Arkivert frå originalen 13. november 2014. Henta 19. september 2014. 
  4. Diane Tillotson, Wendy Hutton, red., East Malaysia and Brunei 

«Borneo» i Store norske leksikon, snl.no.