Sammensenteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sammensenteret i Håsteinsgata 17 på Laksevåg i Bergen er eit aktivitetssenter for personar med store rusproblem. Senteret vart skipa av SON (Sammen om Nøden), som vart etablert av IOGT i oktober 2011, og er drifta av frivillige. Ved oppstarten var det to deltidstilsette og 10 frivillige knytt til arbeidet.

Målet med sammenprosjektet er å tilby eit lågterskeltilbod innanfor helse, omsorg og ettervern. Prosjektet er til for rusmisbrukarar som ynskjer å kome seg på vegen til et mindre rustungt liv, og er ikkje meint å stoppe rusmisbruken, men heller gje ei støtte til dei som ynskjer å kome seg ut av eit rusmiljø. «Gi, sammen med hjelpeapparatet, hjelp til å ta et steg videre»[1] er eit omgrep som SON brukar i denne samanhengen. Senteret er til for å hjelpe menneske som har hatt eit hardt liv med rus.

Senteret arrangerer diverse aktivitetar som til dømes kunst, akupunktur, baking, bygging o.l. Dei brukarane som kjem innom, får òg tilbod om mat og drikke. Det er viktig å fokusere på at ein ikkje skal ta nokre rusmiddel, men heller fokusere på at ein kan få hjelp i prat med nokon. Opningstidene er måndag, onsdag og fredag mellom klokka 10.00-12.00.

Andre Sammensentra[endre | endre wikiteksten]

Saman med andre organisasjonar driv IOGT lokale dag- og aktivitetssentra for medmenneske med store rusproblem. Sentra er opne for alle. Prosjektet Sammen om Nøden (SON) blei sett i gang av IOGT (International Organisation of God Templars) i 2002 på bakgrunn av arbeidet som var gjort i Haugesund-prosjektet mot rus, vold og kriminalitet. Prosjektet går ut på å byggje ut eit nettverk av aktivitetssentre kringom i landet. Somme stader er arbeidet lokalt kjent som Sammen om Nøden, og aktivitetssenttra vert kalla SoN-sentera.

Referansar[endre | endre wikiteksten]