San i Polen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San
elv
none  San sett frå Sobieńåsen nær Sanok i Polen.
San sett frå Sobieńåsen nær Sanok i Polen.
Land Flag of Poland.svg Polen, Flag of Ukraine.svg Ukraina
Kjelde Karpatane
Munning Wisła
Lengd 433 km
Nedslagsfelt 16 861 km²
San i Sanok, 2005.
San i Debna, 2005.

San (ukrainsk Сян) er ei elv søraust i Polen og vest i Ukraina. Ho er ei sideelv til Wisła med ei lengd på 433 km, noko som er det sjette lengste i Polen. Elva har eit nedslagsfelt på 16 861 km² (14 390 km² i Polen). San har utspringet sitt i Karpatane nær landsbyen Sianky i ei høgd på 900 meter, nøyaktig på grensa mellom Polen og Ukraina.[1] og på det kontinentale vasskiljet. Ho dannar grensa mellom dei to landa i om lag 50 km.

«San» kjem frå det urindoeuropiske ordet som tyder «fart» eller «rask straum». På keltisk tyder San 'elv'. Den største kunstige innsjøen i Polen, Solinasjøen, vart danna då det vart bygd ei demning over San nær Lesko.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elva vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1097 som Sanъ, reku Sanъ, k Sanovi, nad Sanomъ (1152) og Sanu (1287). På gamle kart over Rutenske voivodskap i Polen (1339-1772) finn ein «San» (1339), «San» (1372), «Szan» (1406), «Sanok» (1438), «Saan» (1439), «Sayn» (1445), «San» (1467), «Szan» (1517) og «Schan» (1526).

Området som elva renn gjennom vart busett i førhistorisk tid av forskjellige folk som keltarar, gotarar og vandalar. Etter fallet til Romarriket (som inkluderte dei søraustlege delane av Polen sør for San, vart området invadert av ungararar og slavarar

Sandalen må har vore ei viktig handelsåre så tidleg som 800- eller 900-talet. Regionen vart ein del av staten Stormähren fram til ungarske stammer invaderte området rundt 899. Lendiarar i området valde då å støtte ungararane. Polen, Kievriket og Ungarn kjempa stadig om området på 900-talet.

Under den andre verdskrigen og invasjonen av Polen i 1939 prøvde polske styrkar å forsvare ei linje langs San frå 6. september 1939 før tyskarane braut gjennom bruhovudet deira den 12. september 1939.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Frå høgre

  1. Wołosaty,
  2. Solinka,
  3. Hoczewka,
  4. Osława,
  5. Sanoczek,
  6. Tyrawski,
  7. Baryczka,
  8. Stupnica,

Frå venstre

  1. Wiar,
  2. Wisznia,
  3. Rada,
  4. Szkło,
  5. Lubaczówka,
  6. Lubienia,
  7. Wisłok,
  8. Trzebośnica,
  9. Tanew,
  10. Bukowa,

Byar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]