Sandefjordbukta i Princess Elizabeth Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 69°40′49″S 73°56′13″E
Sandefjordbukta
bukt
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Region Princess Elizabeth Land
Koordinatar 69°40′49″S 73°56′13″E
Administrert under Antarktistraktaten
Sandefjordbukta i Princess Elizabeth Land is located in Antarktis
Sandefjordbukta i Princess Elizabeth Land (Antarktis)

Sandefjordbukta (Sandefjord Bay) var ei isbukt inst i Prydzbukta, ved austsida av Amery isbrem. Bukta finst ikkje lenger ettersom ho vart dekt av isen frå Amery isbrem. Ho låg inst i Prydzbukta og var kring kring 46 km brei. Vika grensa i vest til Amery isbrem, i aust til Publications isbrem, og i sør til fastlandet.

Ho vart oppdaga i februar 1935, av kaptein Klarius Mikkelsen i kvalbåten «Thorshavn» og namngjeven etter Sandefjord i Noreg.[1] Dei gav ho namnet Sandefjordbukta etter byen Sandefjord, som var senter for den norske kvalfangstindustrien.

I amerikanske kjelder blir bukta kalla Sandefjord Ice Bay eller Sandefjordisbukta. Leddet «ice bay» eller «isbukt» vart lagt til namnet for ikkje forveksle ho med Sandefjordbukta på Peter I Øy.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Australian Antarktis Gazetteer Id 98

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sandefjordbukta i Princess Elizabeth Land» (innhald frå Geographic Names Information System).