Sandnesfjorden
Utsjånad
- Sandnesfjorden er òg ein del av innsjøen Åraksfjorden i Bygland kommune.
| Sandnesfjorden | |||
| fjord | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Agder | ||
| Kommune | Risør | ||
![]() Sandnesfjorden 58°41′49″N 9°10′24″E / 58.6969°N 9.17324°E | |||
Sandnesfjorden er ein fjord i Risør kommune i Agder. Om lag 8 km inn i fjorden stikk Avreidkilen seg 2 km nordover. Innløpet til denne fjordarmen er svært trongt, berre om lag 50 meter, og over her går det ei bru langs riksveg 411. Om lag midtvegs inn i fjorden på sørsida ligg tettstaden Sandnes som har gjeve namn til fjorden.
Det ligg fleire holmar og småøyar i den ytre delen av fjorden, som Saltbuholmen, Langholmen, Bukkholmen, og vesle og store Furuøya.
