Sandra Bullock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandra Bullock

Fødd26. juli 1964 (59 år)
FødestadArlington County
FødenamnSandra Annette Bullock
Aktive år1987–
Verka somskodespelar, filmskodespelar, restauratør, filmprodusent, manusforfattar, fjernsynsskodespelar, forretningsdrivande, stemmeskodespelar, fjernsynsprodusent, filmregissør
MorHelga Meyer
EktefelleJesse James
SambuarTate Donovan, Matthew McConaughey, Ryan Gosling
PrisarOscar for beste kvinnelege hovudrolle, Crystal Award, Golden Globe, Screen Actors Guild Award, Saturn Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Sandra Annette Bullock (fødd 26. juli 1964) er ein amerikansk og tysk filmskodespelar. På den 82. Oscar-utdelinga i 2010 fekk ho ein Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolla si i filmen The Blind Side, dagen etter at ho hadde fått Razzie-award for dårlegaste kvinnelege skodespelar for rolla si i filmen All About Steve. Ho møtte opp på begge prisutdelingane personleg og var den første som vann både ein Oscar og ein Razzie same år. Bullock vann òg Golden Globe som beste kvinnelege skodespelar i film (drama) for innsatsen i The Blind Side.

Den første viktige filmrolla hennar var i Demolition Man i 1993. Det leidde til gjennombrotet hennar i Speed det følgjande året. Ho har ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Bullock har spelt i over 50 filmar, og har delteke i produksjonen av over 15 verk for film og fjernsyn.[1] Dei ti mest inntenande filmane hennar er:[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sandra Bullock». IMDb. Henta 7. juni 2021. 
  2. Ellwood-Hughes, Pip. «Sandra Bullock’s 10 biggest films at the box office» (på engelsk). Henta 7. juni 2021. 
  3. «The Hardest Working Actors in Hollywood – 24/7 Wall St.» (på engelsk). Henta 7. juni 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sandra Bullock