Sanhedrin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sanhedrin; bilde frå eit oppslagsverk ifrå 1833

Sanhedrin, òg kalla Storrådet eller berre Rådet,[1] var det høgaste politiske og religiøse organet til det jødiske folket i gresk-romersk tid.

Sanhedrin hadde setet sitt i Jerusalem og hadde 71 medlemmer. I sanhedrin blei det ført heftige disputtar mellom farisearar og saddukearar.

Josef frå Arimatea, eit velsett medlem av Sanhedrin, gjekk ifølgje Bibelen etter krossfestinga av Jesus til Pontius Pilatus for å få lov til å ta hand om kroppen til Jesus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sanhedrin» i Nationalencyklopedin på nett. Henta 24 september 2017.