Sant'Agnese fuori le mura
Utsjånad
| Sant'Agnese fuori le Mura | |||
| kyrkje | |||
Apsismosaikken med heilage Agnes, med pavane Honorius I og Symmachus på kvar side. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Kyrkjesamfunn | Den katolske kyrkja | ||
| Bispedøme | Roma | ||
| Sokn | Sant'Agnese fuori le Mura | ||
| Stad | Roma | ||
| Innvigd | 342 (seinare ombygd) | ||
![]() Sant'Agnese fuori le mura 41°55′23″N 12°31′08″E / 41.922917°N 12.518878°E | |||
| Wikimedia Commons: Sant'Agnese fuori le mura (Rome) | |||
Sant'Agnese fuori le mura ('Heilage Agnes utanfor murane') er ein tidlegkristen basilika som ligg nord i Roma. Kyrkja er vigd til den unge jomfrumartyren Agnes, og huser relikviane hennar. Ho er bygd over katakombane der Agnes opphavleg blei gravlagd. Kyrkja er kjend for mosaikken i apsisen, som blei laga på 630-talet.
Den første kyrkjebygningen på staden blei oppført på midten av 300-talet. Den noverande kyrkja blei bygd av pave Honorius I på 600-talet, og har i stor grad same struktur no som då. Kyrkja ligg Via di Sant'Agnese og Via Nomentana i Quartiere XVII Trieste nordaust i Roma. Ruinar av ein tidlegare basilika frå 300-talet, og kyrkjebygningen Santa Costanza, ligg like ved.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Kyrkja fotografert i 1911
- Fasaden
- Interiør
- Tak
- Altar og apsis
- Heilage Agnes, detalje av apsismosaikken.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tylenda, Joseph N.: The Pilgrim's Guide to Rome's Principal Churches, The Liturgical Press, Collegeville, Minnesota 1993 (engelsk). ISBN 0-8146-5016-3. OCLC 27066978.
- Denne artikkelen bygger på «Sant'Agnese fuori le Mura» frå Wikipedia på svensk, den 8. august 2019.
